29.11.2011

Skinnskjørt


Dette fantastiske skinnskjørtet kjøpte eg på Fretex for ei lita stund sidan..Kosta ca 80 kr. Det var i utgangspunktet rundt 30 cm lengre, men eg ville ha det litt kortare. Skinn er genialt å klippe i pga at det er lett å klippe beint, og at kantane ofte helt seg heilt fine utan at ein treng å sy dei opp. Det einaste eg måtte gjere med dette skjørtet var å sy litt nede i alle sømmene, slik at det ikkje rakna. Dette er eit av mine favorittplagg, og passar supert inn i dagens motebilete både med tanke på form, farge og stoff!

28.11.2011

Ring


Denne fine litle ringen kjøpte eg på Bruktbutikken på haukeland for 10 kr! Håper forresten de koser deko med adventspynting og julestamning!

26.11.2011

Maxikjole på julebordet


Nokon som skal på julebord i kveld, og som endå ikkje har bestemt seg for antrekk? Litt seint, men her er i alle fall litt inspirasjon! Svart er jo alltid ein fin klassikar, og med ulikt tilbehør kan du skilje deg litt ut. Ein fotsid kjole er heller ikkje like vanleg som ein kort. Maxikjolar er svært elegante og fine! Denne kjolen er ikkje second hand, men den passar likevel godt inn i mote på budsjett sidan eg kjøpte den på 75% avslag på Warehouse. Kosta ca 180 kr. Skoa har eg fått av ei god veninne. Armbandet laga eg sjølv for anledninga ved å sy to øredobbar fast på eit skinnstykke eg hadde liggjande, og feste det med eit band i skinn. Øredobbane er frå Accessories og kosta 199 kr.

Sidan det er besøk og julebordsesong kjem eg til å leggje ut fleire liknande innlegg framover..

24.11.2011

Clutch


I dag var eg ein tur innom bruktbutikken på haukeland. Der kjøpte eg bl. a eit par julepresangar og eit par sko. Såg også denne fine clutchen som bl. a passar supert til julebord og liknande. 15 kr.

23.11.2011

Skjorte med sløyfe




Denne skjorta kjøpte eg på Mamilla bruktbutikk for 20 kr. Den hadde eigentleg 20 cm lengre ermer, men dei klippte eg av. Sløyfa er berre eit band eg fann heime, men liknande band kan bl. a kjøpast på hobbybutikkar. I år skal skjortene helst vere heilt knappa igjen, og særleg med ei sløyfe eller eit smykke i halsen blir skjorta svært moteriktig og fint.

22.11.2011

Inspirasjon



Antrekk: Veske frå loppemarknad i Budapest, ca 50 kr. Regnjakke frå loppemarknad, 50 kr. Gensar frå Fretex, 90 kr. Bukse frå Bik Bok, 250 kr. Sko second hand, 50 kr. Sjal H&M, ca 70 kr.

19.11.2011

Øredobbar






Eg er svært glad i store runde øredobbar! Dei er ofte å finne enten i bestemor sine smykkeskrin eller på ulike second hand butikkar. I tillegg er dei lett å lage sjølv med hjelp av knappar. Dei blå øredobbane har eg laga av to knappar eg kjøpte på Fretex (1 kr stk) og bakdelar frå ein hobbybutikk. Eg har berre brukt limpistol for å feste bakdelane, men godt mogleg  anna lim er betre. Viss du finn nokre fine øredobbar med klips, så er klipsen også lett å ta av, og du kan feste på vanlege bakdelar.
Dei to andre para kosta ca 15 kr på Fretex

17.11.2011

Sko på Fretex



For to dagar sidan fann eg desse skoa på Fretex på lagunen. Eg likte dei godt, men dei var ein størrelse for små (38). Godt mogleg skoa er på Fretex endå, så viss dei falt i smak er det jo berre til å ta turen innom. Kostar rundt 140 kr trur eg. (mobilbilete)

16.11.2011

Anbefalt artikkel

Her er ein god artikkel ang loppemarknad og kjøp av second hand klede. Den har bl. a tips om kva klede som kan vere lurt å sjå etter for å følgje dagens trendar, og likevel ha ein unik stil. Temaet passar perfekt til min blogg, så denne anbefalar eg å lese!

14.11.2011

Trenchcoat - Før og etter.

Før
Etter
Trenchcoat er ein allsidig og klassiske jakke/ Kåpe, som nok aldri går av moten. Sjølv om modellane kan endre seg litt frå år til år, så er dette ein jakke du kan ha lenge. Dette er også ein jakke som har vore i motebilete svært lenge, og difor er lett å få tak i på ulike second hand butikkar. Her er dei ofte både rimeligare og i betre kvalitet enn dei me kjøpar i dagens butikkar. Det einaste er at desse jakkene ofte er lengre modellar enn dei som er mest vanlege i dag, difor vil eg her vise korleis det kan vere mogleg å leggje opp ein slik jakke.


Sjølv kjøpte eg denne for ca eit år sidan på Fretex for rundt 180 kr. Som de kan sjå på bileta gjekk jakka heilt ned til midt på leggen. Dette er ein lengde som er meir vanleg i år enn i fjor, og som ofte kan vere fin. Likevel likar eg framleis best den korte varianten, og er difor glad eg valde å leggje den opp. Eg hadde ikkje gjort noko liknande før, så dette er noko eg trur dei fleste kan klare ved hjelp av eit par timar, ei symaskin, eit måleband, nokre knappenåler og litt konsentrasjon.. Trenchcoaten hadde ein lang splitt bak, så denne gjorde det lett for meg å ta ei side om gangen, slik det kan sjå på det eine bilete. Eg målte opp den ca lengda eg ville ha, sette i nåler, og prøvde den på for å sjå om eg var fornøgd. Deretter klippte eg av ein del av lengda, men lot likevel kanten som eg sydde opp vere ganske brei i tilfelle eg skulle ønskje å leggje den litt ned igjen ved ein seinare anledning (De ser den breie kanten på bileta). Eg valde også å skrå kanten litt bakover, slik at trenchcoaten er lengre bak enn framme, men dette er sjølvsagt berre smak og behag. Det er lurt å tenkje nøye gjennom korleis du vil gjere det før du byrjar på oppgåva, slik at du ikkje ender opp med å måtte gjere det heile på nytt.. Viss eg hugsar rett så brukte eg 2-3 timar på heile prosessen, og eg er svært fornøgd med resultatet! 







10.11.2011

Blusar.


Eg byrjar å bli litt lei av å posere på alle bileta, så denne gongen fekk eg  hjelp av mi søster. Eg går med ein raud bluse frå Fretex som kosta 20 kr, mens søstera mi går med ein nydeleg smaragdgrøn bluse frå loppemarknad i Budapest. Den kosta ca 10 kr. Smaragdgrøn er forresten ein av haustens it-fargar. 

Ulike blusar er det lett å få tak i på Fretex og liknande second hand butikkar. Eg har mange variantar sjølv, både som eg har arva og kjøpt. Dei fleste kostar maks 50 kr stk. Eit lite tips er at vintage blusar ofte har andre størrelsar enn dei me brukar i dag. Eg har til dømes kjøpt fleire blusar i str 40 + som har passa til meg. Det er med andre ord lurt å prøve blusen på, sjølv om den har større størrelse enn det du er vande med.






08.11.2011

Veske og støvlar




Her er nokre inspirasjonsbilete igjen.. Tenkte det kunne vere greitt å vise eit par av kjøpa frå loppemarknaden i action..

Antrekk: Poncho 180 kr i Tyrkia. Bluse 30 kr på Mamilla bruktbutikk. Bukse 250 kr på Bik Bok (sal). Smykke 75 kr på KappAhl (kampanje). Sko 40 kr på loppemarknad. Veske 30 kr på loppemarknad. Hanskar ca 170 kr (sal).

05.11.2011

Dagens






Eg har tatt bilete av dagens antrekk med to ulike vesker:) Til ein forandring så er det berre veskene og det burgunderfarga armbandet som er brukt. Resten er kjøpt i vanlege butikkar. Genseren er bl. a ein av mine nye favorittar som eg har kjøpt på KappAhl. Likar særleg skinndetaljane. 

Antrekk: Blå veske kjøpt på Fretex, ca 50 kr. Brun veske kjøpt på Mamilla bruktbutikk, ca 50 kr. Armband laga sjølv av eit tøystykke. Genser KappAhl 370 kr (Kampanje). Smykke KappAhl 75 kr (Kampanje).Bukse BikBok 250 kr (sal). Sko Bianco 450 kr (Dei fekk eg til jul i fjor)


01.11.2011

Metallisk!



Ein av dei nye trendane i år som eg likar svært godt er skinnande og metalliske klede og detaljar. Når det gjeldt enkelte av mine plagg klarar eg ikkje heilt å bestemme meg om eg synes dei er rare eller kule, likevel likar eg å gå med dei:) Det gjeldt til dømes denne gulljakken.. Den minnar meg av ein el an grunn om Star Wars, samtidig som den er veldig unik og kul:) Kosta 65 kr på Mamilla bruktbutikk på danmarksplass… Gensaren på det eine bilete kjøpte eg på loppemarknad i budapest for ca 10 kr. Eg har også ein til liknande gensar i frå Budapest, og ein bluse i frå Fretex, men desse to plagga må eg fikse litt på før eg kan vise dei her.