27.04.2012

Festfin!


No er nærmar det seg 17-mai, og i tillegg har sesongen for konfirmasjonar byrja. Viss ikkje du ønskjer å gå med bunad, kan ein fin sumarkjole vere eit godt alternativ. Eg for min del er glad i litt fargar på denne tida av året, og synes denne kjolen eg har på bileta er perfekt til konfirmasjonar o.l. Den har ein nydeleg raudfarge, og eit flott snitt! Kjolen fann eg i utkledningskassen heime, og fekk hjelp av mi gode bestemor til å leggje den litt opp, reparere nokre hull, og fjerne nokre flekkar.

Sidan eg er gravid, og ikkje kan gå med denne kjolen i år, visar eg nokre bilete som er frå 2010. Sjølv om eg har brukt denne kjolen dei siste par åra, så får eg fortsatt ein god vårstemning av å ta  den fram på nytt, og kunne gjerne ha brukt den i år og hadde fasongen tillatt det.
(Det eine bilete er forresten meg saman med mi flotte tante, som berre er 4 år eldre enn meg..)

20.04.2012

Dagens

Antrekk: Gensar Kappahl. Bukse H&M. Sko Fretex, 29 kr. Orange armband Vero Moda. Gult smykke, brukt som armband, Loppemarknad i Budapest.

14.04.2012

Solbrilletrend


























I år skal solbrillene helst merke seg litt ut, og vere godt synlege. Det er mykje å velje mellom både med tanke på farge, mønster og fasong. Solbriller er supre til å sprite opp eit kjedeleg antrekk! Sjølv er eg svært glad i solbriller, og har sett mange ulike par som eg kunne tenke meg.  Til dømes har Bella Donna på galleriet i Bergen, mange kule variantar til ca 199 kr stk. 

I fjor kom for alvor runde solbriller, og kattebriller inn i motebiletet. Begge desse formane er særleg inspirert av 50-60-talet. Denne trenden fortsett i år, og kanskje er det no først dei fleste tørr å gå med dei??  Sølv likar eg svært godt retroinspirerte briller, så denne trenden passar meg fint..Eg er også svært fornøgd med utvalet av fargar og mønster som er i år! 

Solbriller: Kvite Cat Eyes, 35 kr på loppemarknad. Kvite runde, 35 kr på loppemarknad. Sølvfargede, 100 kr på Bella Donna (halv pris). Orange, ca 30 kr på Bik Bok (sal). Dei to sistnemnde har vel kanskje min favorittfasong, ein fasong eg følar eg kler godt. Viss du treng råd til kva solbriller du kler, kan du lese denne artikkelen.

13.04.2012

Nyleg kjøpt

Her er eit par ting eg kjøpte på Fretex i åsane for ikkje så lenge sidan. Jakke 69 kr. T-skjorte med blomstertrykk 49 kr og sko 29 kr. Fekk ikkje tatt særleg gode bilete, men kjem tilbake med betre bilete når eg går med plagga.. Håpar de får ei flott helg!

08.04.2012

Tøysko!



Tøysko er supre vårsko! Dei går ikkje av moten, og kjem i mange ulike fargar og fasongar! I år reknar eg med at det bl. a kjem til å vere mange tøysko i ulike pastellfargar og blomstermønster, men også i sterkare fargar.

Dette blå skoparet kjøpte eg på Fretex for 29 kr. Fine, enkle og gode å gå med, og det verkar som dei er svært lite brukt..

Håpar de har og har hatt ein super påske! Eg har kost meg med familie og venner!

02.04.2012

Gårsdagens

Antrekk: Gensar H&M, 150 kr på sal. Topp Bik Bok, 50 kr på sal. Smykke Cubus, 149 kr. Bukse Warehouse, 599 kr. Sko Bianco, 450 kr. Skinnveske 50 kr frå eit loppemarknad i Kenya