28.01.2012

Januarsalg!


Sidan det i Januar kan vere like rimeleg å handle i vanlege butikkar, som second hand, tenkte eg i dag å nett vise kva eg har kjøpt i år. Eg har ikkje hatt så mykje tid til å kjøpe klede, så det meste eg har kjøpt er ulikt tilbehør, som det kan sjå på bileta.. Kjolen er frå Vila og kosta 250 kr på halv pris. Veska er av merket Fiorelli, og kosta opphavleg 1200 kr, eg betalte 450, og synes det er meir enn dyrt nok. Alle armbanda  og øredobbane er frå Accessories og var på 70 % sal. Kosta rundt 20-30 kr stk.. Håpar de har ei flott helg!

25.01.2012

Kvit Kåpa

Her er fleire bilete av den kvite kåpa som var nyinnkjøpt den 19 desember. Kosta 100 kr på Mamilla. Det er ei deilig og god kåpe som eg likar godt… Snittet er fint, men eg vurderar sterkt å leggje kåpa litt opp..Har ikkje bestemt meg heilt enda, så her er det berre til å kome med råd! Sidan stilen er litt posete og stor, pleiar eg å like at kåpa er litt kortare enn  det denne er….

21.01.2012

Dagens


I dag er eg på Osterøy i bursdagsbesøk til to av mine søsken. Fekk i den anledning låne ei av veskene til søstera mi...Veska er kjøpt på Bruktbutikken på Haukeland for 50 kr. Eg synes denne veska er knallfin, og gjer seg godt til eit så enkelt antrekk som eg har i dag!

Antrekk: Topp frå Vila, 250 kr. Bukse H&M, 299 kr. Sko Bianco, 450 kr.Veske second hand, 50 kr.

19.01.2012

Inspirasjon


I desember hadde eg eit innlegg med ei sløyfe eg ikkje heilt visste kva eg skulle bruke til… Eg fekk eit tips i frå Fatima om å feste den bak på eit skjørt, så her er resultatet av det! Takk for tipset, eg likte det godt! Eg har berre festa den med ei sikkerhetsnål, slik at eg lett kan ta sløyfa vekk igjen når eg vil det. 

Antrekk: Bluse, second hand. Skjørt, H&M. Strømpebukse, Vero Moda. Smykke og armband Warehouse London. Stort armband, Bella Donna.

16.01.2012

Pastellfargar

Ein av vårens nye trendar er klede i  iskremfargar og pastellar. Dette er fargar som lys gul, mintgrønn, lys blå og lys rosa.  Denne trenden har henta mykje av sin inspirasjon i frå 80 og 90-tallet.  Når våren kjem blir det kjekt å ta i bruk fleire av desse fine fargane! Likevel er det lett for at antrekket blir i søtaste laget for min klesstil, så eg reknar med at eg vil blande pastellane med mørkare fargar, og røffare klede. Viss pastellfargar er noko du likar, vil eg anbefale deg å allereie no sjå etter desse fargane når du handlar second hand. Ofte er utvalet betre på desse butikkane før våren og trendane sett inn for fult, og alle er på jakt etter det same…

Bilete: Øredobbar 15 kr i frå Fretex. Genser 20 kr i frå Bruktbutikken på Haukeland  (mellom Nesttun og Arna).