29.12.2011

Gåve til bloggen







































Denne geniale gåva fekk eg av Cecilie til jul! Ho gav meg ei gåve til bloggen som innehaldt ein fin kvit bluse og eit lilla skjørt i frå Fretex. Veldig artig! Gledar meg til å finne ut kva eg skal bruke det til, skjørtet må eg i alle fall sy litt inn, men blusen kan brukast slik den er.

28.12.2011

Kvit bluse

Eg kjøpte denne kvite blondeblusen på Fretex for 20 kr. Likte godt at den var litt spesielle med alle blondene..Synes den passar perfekt til eit enkelt svart antrekk, slik som på bileta. Ser den kanskje burde vore strøket , og sidan eg fekk strykejern til jul, så lar jo det seg gjere…

26.12.2011

God Jul!


God Jul folkens! Eg har hatt nokre flotte dagar med familie, god mat og god stemning. Eg er veldig glad i jul, så eg nyt desse dagane.. Eg fekk dessverre ikkje tatt nokre gode bilete av juleantrekket mitt, men det var i alle fall ein svart kjole som eg kjøpte i fjor på eit loppemarknad. Kjolen gjekk eigentleg til midt på leggen, men eg har klippet den slik som de ser på biletet. Det eg likar med kjolen er den gjennomsiktige, mønstrete ryggen, og det enkle snittet.

Til jul fekk eg bl. a fleire ting som eg kjem til å vise her på bloggen, og dessutan fekk eg fire gåvekort på Fretex,  noko som passar meg heilt supert!

21.12.2011

Øredobbar


Her er eit av mine favoritt øredobbar! Eg har berre lånt dei av mi søster, men ho har fått dei av vår gode bestemor! Dei  var opphavleg klipps, men me knakk av klipsen og limte på vanlege bakdelar. Øredobbane er særleg geniale å ha på dagar då eg synes mitt eigen antrekk er for enkelt eller kjedeleg..

19.12.2011

Dagens innkjøp


Her er dagens fangst i frå Mamilla bruktbutikk. Ei kåpe, ei jakke og ei skjorte for til saman 150 kr. 
Eg skal leggje ut betre bilete av kvert plagg ved ein seinare anledning.