11.06.2012

Mønstrete bukse


I år har det blitt svært vanleg med ulike bukser i utallige fargar og mønster. Sjølv kunne eg tenke meg fleire variantar, men er ikkje så lett med ein stor mage.. Pusjbukser har også komt meir inn i motebiletet. Desse er svært behagelege å gå med og kan brukast til det meste. Eg fann ei på Fretex til rundt 80 kr. Den er av merket Bed & Breakfast.
På bileta går eg forresten med eit skikkeleg favorittsmykke! Eg kjøpte smykket på Bella Donna for halv pris, i konfegave til mi søster, så eg har dessverre berre lånt det av ho..

Mindre blogging..

Hei! Grunnet fulltidsarbeid og min gravide tilstand har det blitt ein del mindre blogging i det siste. Eg beklager dette! Slik blir det nok også ei stund framover, men eg skal ikkje slutte heilt.. Håpar de vil følgje meg vidare, og satsar på at blogginga tar seg meir opp igjen om ei stund.