28.09.2011

Marknad!



Når eg er på ferie i utlandet likar eg veldig godt å gå på marknad! Dei to beste eg nokon gong har  vore på har vore i Nairobi (Kenya) og i Roma. Her hadde dei både brukt og nytt. På enkelte reiseguider er bl. a slike marknadar oppført. I Tyrkia var eg på eit lite eit. Her kunne me kjøpe alt mogleg til ein ok penge, men det var ikkje noko secondhand, så litt kjedeleg. Eg kunne nok kjøpt fleire ting, men kom berre heim med ei ny lommebok(bilete). Den kosta 60 kr og er i skinn. Fin, liten og nett!..

27.09.2011

Korte toppar




No er eg kome heim igjen etter ei super veke i Kemer i Tyrkia. Me hadde bestilt uspesifisert, så hotellet var ikkje akkurat fint, men byen var veldig kjekk, og været var fantastisk. Vel heime igjen vart det  ein litt brå overgang til det kalde og sure bergensværet. 

Sjølv om hausten er her tar eg med nokre tips i frå Tyrkia. Eg er svært glad i korte toppar saman med bukser eller skjørt med høge liv! Desse to toppane eg har på bileta er to av mine favorittar. Dei har eg nyleg arva av mormora til min mann. Ho var ei flott dame med god klesstil! Liknande toppar er godt mogleg å få tak i både i vanlege butikkar og i bruktbutikkar. Om ønskeleg er det også enkelt å leggje opp/ klippe av ulike overdelar for å få dei kortare.

Shortsen eg har på bileta kjøpte eg i fjor på ein bruktbutikk i Bergen. Den kosta rundt 50 kr. Det var opphavleg ei bukse, men eg har klipt av beina. Dette er svært enkelt, og du treng ikkje bruke tida på å sy, berre brett kanten slik du ønskjer. Eit tips er å kjøpe buksa litt stor, for shortsen blir lett for trong når du byrjar å brette buksekanten. Denne fella har i alle fall eg gått i eit par gongar…

17.09.2011

Colorblocking



Colorblocking har me og sett mykje av i 2011. Colorblocking vil seie at me kan bruke fleire sterke kontrastfargar i same antrekk. Til dømes blått og turkis, rosa og rødt, rosa og oransje(Som eg har på biletet), lilla og oransje samt turkis og oransje. Dette er heilt klart ein artig trend som friskar opp ein grå kvardag! Genialt for dei som likar sterke fargar..Eg fekk dessverre ikkje tid til å ta bilete av fleire dømer på colorblocking.

No reiser snart eg og min mann ei veke til Tyrkia..!

15.09.2011

Ny veske



Ein av mine nyaste funn er denne fine kvite veska frå Fretex. Den kosta 120 kr. Er dessverre ikkje ekte skinn, men er likevel i god stand. Eg falt for den enkle og elegante formen. Dessutan passar denne veska  til det meste.

Sterke fargar



Eg reknar med at dei fleste har fått med seg at ein av dei  klart sterkaste trendane i 2011 er sterke fargar. Det gjeldt til dømes oransje, rosa/fuksia, lilla og gult. Eg for min del har særleg tatt i bruk fargane rosa og oransje.  Dette er fargar som ofte er å finne i secondhand butikkar. Min klare favoritt er eit rosa skjørt (bilete) som eg kjøpte for rundt 60 kr på Fretex. Dette kan brukast både til kvardags og til fest, alt etter kva tilbehør eg brukar. For å få eit gjennomført søtt antrekk kan eg bruke ein fin bluse til skjørtet, men personleg likar eg det best litt enklare med ein kvit laus topp, som på biletet.  Eg har også nyleg fått tak i ein flott lilla bluse med avtagbar sløyfe, den kosta 39 kr på Fretex. 
Sidan hausten nærmar seg med stormskitt vil nok desse sterke fargane avta litt i motebiletet, men fargane er likevel å finne i fleire haustkolleksjonar, og også kolleksjonar for neste vår og sumar. Så du treng ikkje vere redd for å bruke dei sterke fargane vidare!