28.03.2012

Nydeleg sølvring!


















Denne ringen kjøpte eg i går på Fretex, for 129 kr. Ringen er i sølv, og steinen reknar eg med er glas.  Det verkar som det er ein ganske gammal ring, den ber i alle fall preg av det, på ein god måte..  Fargen på steinen er smaragdgrøn, ein farge som er mykje å sjå både på klede og tilbehør for tida.

21.03.2012

Inspirasjon


Denne kjolen har de sett før, men eg har funne ut at den passar perfekt til min gravide mage! Dessutan passar både fargen, fasongen, blondane og tyllet bra inn i motebiletet. Så denne blir hyppig brukt av meg når eg skal pynte meg litt. Dagens nye innputt er den burgunderfarga skinnveska i frå Fretex. Sjølv om det er ein typisk haust og vinterfarge, er eg ikkje heilt lei den endå. Synes også veska passar fint i lag med fargane på antrekket og den burgunderfarga neglelakken.

17.03.2012

Dagens

God Helg!

Antrekk: Bluse H&M Budapest, 250 kr. Skjørt H&M, 99 kr. Veske Fretex, ca 120 kr. Sko Din Sko, 250 kr. Armband Vero Moda, 50 kr. Øredobbar Fretex, 30 kr.

13.03.2012

Gravid!


 Her er ein av grunnane til at det har minska litt på blogginnlegga. Eg er 4 og ein halv månad på veg, og har ei søt lita jente i magen! Eg har planar om å fortsettje blogginga stort sett likt som før, men no veit de i alle fall kvifor magen veks!

Antrekk: Kjole og sko i frå Tyrkia.

09.03.2012

Blått er hot!


Ulike blåfargar går ofte igjen i motebiletet, og har særleg vore synleg dei siste par åra. Det er forventa at denne fargen vil vere svært attraktiv i vår og sumar også.

Blusen på bileta er kjøpt second hand for ca 40 kr!

05.03.2012

Pelslue

 
 
Eg og mi søster har begge kjøpt kvar vår pelshua på ulike second hand butikkar. Eg hugsar ikkje kvar eg kjøpte min, men den kosta rundt 100 kr. Søstera mi kjøpte sin på bruktbutikken på Haukeland for rundt 200 kr.