29.02.2012

Anorakk


Sidan det er vinterferie i Bergen denne veka tenkte eg å vise nokre bilete av eit typisk tur plagg. dessverre er det berre regn her, så blir ikkje heilt den rette stemninga..   Denne anorakken er søstera mi sin, men eg har ein liknande som eg har funnet i kjellaren, arvet av ein eller annan..  Sjølv om slike anorakkar tradisjonelt sett høyrar til skiturar og liknande, brukar eg dei gjerne til kvardags. Likar dei godt! Ulike anorakkar er ofte å få tak i på ulike second hand butikkar, men pga at dei er ganske populære har dei økt mykje i pris dei seinere åra. Prisen kan likevel variere mykje i frå butikk til butikk. Det siste året har eg sett prisar frå 200-650 kr. Eg anbefaler å enten leite heime på loft og i kjellarar, eller evt ha tid til å vente på eit godt kjøp!

25.02.2012

Dagens kjøp






 I dag var eg innom brukthuset på haukeland. Fann bl. a fleire fine vesker, men klarte å la vere å kjøpe nokon.. Kjøpte to skjorter/ bluser for 25 kr stk og eit sjal for 10 kr, av merket Mary Quant. Ho er ein engelsk moteskapar som særleg var kjend på 60-talet.

24.02.2012

Bruktbutikkguide


Det er ein del som har spurt meg kor det er eg handlar mest second hand klede, så her tenkte eg å leggje ut ei oversikt. Dette er ingen komplett liste, men er gode tips for dei som bur i bergensområdet.

Mamilla:
Mamilla ligg på danmarksplass, rett over hovudvegen nær bybanestoppet. Dette er ein koselig butikk kor dei har litt av alt til ein rimeleg penge. Her er det ofte fine skinnvesker å få tak i, men også ein del klede og somme smykkar, ringar og armband.  Viss du er glad i hekledukar er dette også rette butikken å gå inn i! Dei som arbeidar her jobbar på frivillig basis, dvs at pengane som kjem inn kan gå til ulike gode prosjekt rundt om i verden.
Opent måndag til fredag frå 11-17 og laurdag frå 11-14(?)
Adresse: Fjøsangerveien 45, 5054 Bergen

Brukthuset:
Brukthuset ligg på Haukeland, mellom Nesstun og Arna.  Det er ein stor bygning som ligg nært vegen, og skal vere lett å få auge på. Butikken er på heile tre etasjar, men berre ein halv etasje er med klede. Her har eg gjort mine beste veskefunn, og får alltid lyst på ei ny når eg besøkar butikken. Og sjølv om det ikkje er så mange klede kan du vere svært heldig. Eg har bl. a funne ein nydeleg kjole som eg gjekk med i bryllaup, til berre 30 kr. Dei som arbeidar her jobbar også på frivillig basis slik som på Mamilla
Eg er litt usikker på opningstidene, men det er i alle fall opent onsdag til fredag frå 12-15 eller 17.
Adresse: Nordhagen, 5268 Haukeland

Fretex Laugunen
Dette er min mest besøkte Fretex butikk, mykje pga beliggenhet, pris og utval av klede. Den ligg i laguneparken, nær bl.a Lefdal.
Opent måndag til fredag frå 10-21 og laurdag til 18.

Fretex Åsane:
Her likar eg meg godt! Kan bl. a finne retro klede til ein ok pris. Er ein stor og oversiktleg butikk.
Opent måndag til fredag frå 11-17, usikker på laurdag.

Fretex Bystasjonen:
Stor butikk med ein del utval, men kanskje litt dyrare pga at den ligg i sentrum i nærleiken av bystasjonen (mot grieghallen)
Opent måndag til fredag frå 11-17, usikker på laurdag, og til 19 på torsdag.

Fretex gågaten:
Her er det dyrare pga beliggenhet, men dei har bl. a ein stor avdeling med retro klede.
 Opent måndag til fredag frå 11-17, usikker på laurdag.

Utanom dei overnemnde er det bl. a tre gode second hand butikkar i Skostredet i sentrum, og ein på minde som heitar den Grønne baljen (Denne har eigen blogg)

18.02.2012

Bursdagsfeiring

I dag skal me på restaurant for å feire bursdagen til ei av mine tanter. Ho er berre fira år eldre enn meg, så er vel meir som ei søster! Dagens planlagde antrekk er meir eller mindre som på bileta, men pga fare for regn må eg kanskje skifte til ein annan jakke, og då gjerne ein finare bluse.

Denne flotte pelsen har eg funne heima i  ein utkledingsklekasse. Syntes at det var for gale at den berre skulle liggje der.. Reknar med at bestemor har brukt den ein gong i tida.. Eg hadde nok aldri kjøpt ein ny ekte pels, men tenkar det er litt annleis når det er second hand.. Synes pels eller fuske pelsjakker er svært elegante og fine.

16.02.2012

Gult smykke




Dette gule smykket kjøpte eg på ein marknad i Budapest..Trur eg betalte rundt 10-20 kr for det.. Passar supert til å sprite opp eit fargelaust antrekk..

13.02.2012

Nydeleg kjole


Denne flotte kjolen kjøpte eg førre veke på Fretex for 159 kr. Det var også med ein jakke i same materiale. Eg tippar kjolen er frå 50-talet, og er av god kvalitet..  Gledar meg til å bruke kjolen i ein el annan fin anledning, som  til dømes dåp, bryllaup eller konfirmasjon.. og satsar på å kome med betre bilete då.. Ha ei fin veke!

09.02.2012

Geometrisk mønster


2012 byr på mange ulike trendar, men ein av dei er klede med geometriske figurer, som trekantar, firkantar og rektangler. Mykje mønster med andre ord!  Sjølv har eg funne desse to skjortene på to ulike second hand butikkar. Den med fargar kosta 89 kr, mens den andre kosta rundt 20 kr (trur eg). Eg ønskjer å kombinere desse plagga med eit skjørt som også har mønster, men i nøytrale fargar som svart og kvitt. Må berre skaffe meg eit slikt skjørt først, så skal de få sjå bilete av resultatet.. (Den svarte og kvite skjorta er forresten ikkje eit så veldig godt eksempel på geometriske figurar, men den har likevel eit mønster som passar godt til trenden..)

04.02.2012

Dagens

I dag har eg vore i dåpen til guten til eit vennepar! Det har vore ein kjekk dag med god mat og god stemning.

Antrekk: Kjole frå H&M i Budapest, 350 kr. Sko frå Tyrkia, 250 kr. Armband  og øredobbar frå Accessories 30 kr stk, og eit gullarmband som eg fekk til min konfirmasjon for mange år sidan. Veske frå Bruktbutikken på Haukeland, 20 kr.