28.05.2012

Sommar og sol!


Endeleg har me hatt ei veke med varme og nydeleg vær i Bergen! I går tilbrakte eg mestedelen av dagen i bikini ved sjøen! Her er nokre bilete av gårsdagens antrekk før varmen slo til for fullt..
Bluse H&M, 49 kr. Gravidbukse H&M, 299 kr. Sko Kappahl, 250 kr. Øredobbar BikBok, 50 kr (sal). Veske Fretex, 120 kr.

18.05.2012

17- Mai


Gratulerer med vel overstått nasjonaldag! I går var eg først på jobb før eg blei slått ut av influensa, men her er i alle fall eit av dei antrekka som eg på førehand hadde planar om å gå med.. Kunne eigentleg tenkt meg eit antrekk som bestod av endå meir vårlege fargar, men sidan eg ikkje kan gå med kva som helst for tida, var dette det beste alternativet. Det er faktisk berre den eine ringen som er second-hand denne gongen, men resten er likevel rimelege alternativ.

Antrekk: Kjole/tunika frå Vila, 199 kr. Underskjørt frå H&M, 99 kr. Strømpebukse frå H&M. Sko frå Bianco, 400 kr. Øredobbar frå Lindex(?). Armband frå Warehouse London, ca 80 kr (sal). Sølvring med smaragdgrøn stein frå Fretex, 120 kr.

02.05.2012

Konfirmasjon







 Forrige søndag var eg i konfirmasjon til mi flotte søster! Eg hadde lenge planar om å gå med ein blondekjole som eg kjøpte i januar, men syntes den blei for søt. Leita difor ei stundt etter noko alternativ, og fann denne kjolen i siste liten på Fretex. Kosta ca 80 kr. Fann også blazeren på nattopent på H&M til 50 kr. Den hadde opprinneleg nokre band som skulle knytast saman, men desse likte eg ikkje, og klippte difor av..

Sjølv om det ikkje var planlagt ser eg i ettertid at dette er eit svært rimeleg festantrekk! Kjole 80 kr, Fretex. Blazer 50 kr, H&M. Veske ca 110 kr, Lindex. Øredobbar ca 15 kr, Fretex. Sko ca 200 kr, Budapest.