15.09.2011

Sterke fargar



Eg reknar med at dei fleste har fått med seg at ein av dei  klart sterkaste trendane i 2011 er sterke fargar. Det gjeldt til dømes oransje, rosa/fuksia, lilla og gult. Eg for min del har særleg tatt i bruk fargane rosa og oransje.  Dette er fargar som ofte er å finne i secondhand butikkar. Min klare favoritt er eit rosa skjørt (bilete) som eg kjøpte for rundt 60 kr på Fretex. Dette kan brukast både til kvardags og til fest, alt etter kva tilbehør eg brukar. For å få eit gjennomført søtt antrekk kan eg bruke ein fin bluse til skjørtet, men personleg likar eg det best litt enklare med ein kvit laus topp, som på biletet.  Eg har også nyleg fått tak i ein flott lilla bluse med avtagbar sløyfe, den kosta 39 kr på Fretex. 
Sidan hausten nærmar seg med stormskitt vil nok desse sterke fargane avta litt i motebiletet, men fargane er likevel å finne i fleire haustkolleksjonar, og også kolleksjonar for neste vår og sumar. Så du treng ikkje vere redd for å bruke dei sterke fargane vidare!

3 kommentarer:

  1. KULT! Med det rosa skjørtet og den lause toppen lignar du mistenkelig på Mormor slik ho såg ut om sommrane på 90-tallet :D
    -Ida

    SvarSlett
  2. sykt fine ting kjære SUsann!!! elsker blusen! jeg heier på at vi kan gå på loppemarded ilag en gang;) var forrige helg og fant noen kupp. + har du sjekket ut second love i skostredet?? veldig mye fint. heia deg søta! (Kristina)

    SvarSlett
  3. Hei! eg ser her at eg ikkje har svart før! Tusen takk for kommentarn! Loppemarked i lag hadde vore konge:) og nei hadde ikkje sjekka opp i second love skostrede før du nemte da, men no har eg begynnt å følga bloggen deira, og so tenke eg å ta meg ein tur innom:)

    SvarSlett