27.09.2011

Korte toppar




No er eg kome heim igjen etter ei super veke i Kemer i Tyrkia. Me hadde bestilt uspesifisert, så hotellet var ikkje akkurat fint, men byen var veldig kjekk, og været var fantastisk. Vel heime igjen vart det  ein litt brå overgang til det kalde og sure bergensværet. 

Sjølv om hausten er her tar eg med nokre tips i frå Tyrkia. Eg er svært glad i korte toppar saman med bukser eller skjørt med høge liv! Desse to toppane eg har på bileta er to av mine favorittar. Dei har eg nyleg arva av mormora til min mann. Ho var ei flott dame med god klesstil! Liknande toppar er godt mogleg å få tak i både i vanlege butikkar og i bruktbutikkar. Om ønskeleg er det også enkelt å leggje opp/ klippe av ulike overdelar for å få dei kortare.

Shortsen eg har på bileta kjøpte eg i fjor på ein bruktbutikk i Bergen. Den kosta rundt 50 kr. Det var opphavleg ei bukse, men eg har klipt av beina. Dette er svært enkelt, og du treng ikkje bruke tida på å sy, berre brett kanten slik du ønskjer. Eit tips er å kjøpe buksa litt stor, for shortsen blir lett for trong når du byrjar å brette buksekanten. Denne fella har i alle fall eg gått i eit par gongar…

2 kommentarer:

  1. Superkul! :D Så kjekt å arve klær! Det er ekstra fint med plagg som har tilhørt noen innen familien.

    Flott at dere har kost dere på tur! :) Det viktigste er jo ikke hotellet, men stedet og reisefølget, heldigvis.

    SvarSlett
  2. Takk! Ja eg e veldig glad i kle som har ein histore, da e nokke ekstra med da:)

    SvarSlett