02.05.2012

Konfirmasjon







 Forrige søndag var eg i konfirmasjon til mi flotte søster! Eg hadde lenge planar om å gå med ein blondekjole som eg kjøpte i januar, men syntes den blei for søt. Leita difor ei stundt etter noko alternativ, og fann denne kjolen i siste liten på Fretex. Kosta ca 80 kr. Fann også blazeren på nattopent på H&M til 50 kr. Den hadde opprinneleg nokre band som skulle knytast saman, men desse likte eg ikkje, og klippte difor av..

Sjølv om det ikkje var planlagt ser eg i ettertid at dette er eit svært rimeleg festantrekk! Kjole 80 kr, Fretex. Blazer 50 kr, H&M. Veske ca 110 kr, Lindex. Øredobbar ca 15 kr, Fretex. Sko ca 200 kr, Budapest.



1 kommentar:

  1. Å, så fin du og magen din er! Nydelig fasong! :)

    Bloggen din har sannelig det riktige navnet: Mote på busjett! Fascinerende at det går an. Du er så flink å lete etter skatter!

    SvarSlett