14.04.2012

Solbrilletrend


























I år skal solbrillene helst merke seg litt ut, og vere godt synlege. Det er mykje å velje mellom både med tanke på farge, mønster og fasong. Solbriller er supre til å sprite opp eit kjedeleg antrekk! Sjølv er eg svært glad i solbriller, og har sett mange ulike par som eg kunne tenke meg.  Til dømes har Bella Donna på galleriet i Bergen, mange kule variantar til ca 199 kr stk. 

I fjor kom for alvor runde solbriller, og kattebriller inn i motebiletet. Begge desse formane er særleg inspirert av 50-60-talet. Denne trenden fortsett i år, og kanskje er det no først dei fleste tørr å gå med dei??  Sølv likar eg svært godt retroinspirerte briller, så denne trenden passar meg fint..Eg er også svært fornøgd med utvalet av fargar og mønster som er i år! 

Solbriller: Kvite Cat Eyes, 35 kr på loppemarknad. Kvite runde, 35 kr på loppemarknad. Sølvfargede, 100 kr på Bella Donna (halv pris). Orange, ca 30 kr på Bik Bok (sal). Dei to sistnemnde har vel kanskje min favorittfasong, ein fasong eg følar eg kler godt. Viss du treng råd til kva solbriller du kler, kan du lese denne artikkelen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar