31.10.2011

Inspirasjon



































Her er eit par inspirasjonsbilete i frå ein tur som eg og min mann hadde på vår to års bryllaupsdag:)

Antrekk: Topp arva frå mormora til min mann. Smykke arva frå ei av mine oldemødrer. Jakke  H&M 299 kr. Skjørt H&M 99 kr. Strømpebukse Bik Bok ca 60 kr (sal). Sko DinSko 199 kr (sal). Solbriller H&M 25 kr (sal). Jakken er forresten på tilbod på H&M no.

28.10.2011

Loppemarknad




Førre laurdag var eg og ei veninne på to loppemarknader. Det var veldig kjekt! Eg kan særleg anbefale det viss du er på jakt etter nokre fine og  rimelige vesker. Eg finn stort sett alltid minst ei veske som eg kunne tenke meg. På bileta er nokre av mine kjøp frå førre helg. Veska kosta 30 kr, lommeboka 15 kr og støvlane 40 kr!

26.10.2011

Follow my blog with Bloglovin

<a href="http://www.bloglovin.com/blog/2981801/mote-pa-budsjett?claim=8uvbrkac9xk">Follow my blog with Bloglovin</a>

25.10.2011

Inspirasjon





I går var det ein nydeleg haustdag i Bergen! Eg og min mann gjekk bl. a tur i arboretet, og tok nokre fine hausbilete. Fine fargar og god stemning:)

Antrekk: Eg gjekk med ei heimestrikka trøya som eg har arva av mi mormor. Ho døyde dessverre av kreft for eit og eit halvt år sidan. Ho var ei fantastisk mormor, så er kjekt å kunne bruke klede som minnar meg om ho.

Skoa kjøpte eg på ein bruktbutikk i fjor for 45 kr. Buksa er H&M til 299 kr. Sjalet er H&M til ca 120 kr og hanskane kjøpte eg på 50% på Morris ca 180 kr.

22.10.2011

Smykke




 
Dette nydelege smykke fekk eg til min bursdag av tre av mine søsken:)  Eg og søstera mi såg dette når me var på ein bruktbutikk utanfor Bergen for eit par månadar sidan. Eg likte det svært godt, men tok meg ikkje råd til å kjøpe det sidan det kosta 250 kr. Så det var veldig gøy å få det i bursdagspresang! Takk til min gode søster!

20.10.2011

Dyreprint




I år som i fjor er forskjelleg dyreprint in. Dette er ein trend som eg likar godt, i alle fall i passeleg mengde.  Denne genseren likar eg svært godt! Den var i utgangspunktet ein alt for stor knelang kjole som  eg kjøpte på ein bruktbutikk for ca 90 kr. Mønsteret var fint, og kvaliteten på stoffet var godt, så eg håpte eg kunne klare å gjere den om til ein genser.. Noko som var ganske lett. Eg er nemleg ikkje nøye på rette kantar, så det einaste eg har gjort er å klippe til rett lengde. Du treng ikkje bruke måleband, men det kan vere lurt å klippe litt og litt, sidan det er kjedeleg om genseren blir altfor kort. Ser no på bileta at eg kanskje vil klippe den bitte litt kortare:) Eg likar også godt når genserane er litt lengre bak enn framme.. Eg har heller ikkje brukt tida på å sy opp kantane, men viss dei etter kvart blir for stygge må eg kanskje gjere det…

18.10.2011

Bursdag!


I går blei eg 23 år! Det var ein kjekk dag  som eg feira saman med min mann, og nokre vener. Eg fekk ikkje tatt så mange bra bilete, men her er i alle fall eit par. Kjolen eg går med er H&M, men kjøpt i Budapest for ca 350 kr. Skoa fekk eg av ei god veninne. Ho skulle eigentleg gje dei til Fretex, men spurte meg først om eg ville ha dei, noko eg gjerne ville:)
 

14.10.2011

Store strikka genserar



I haust er dei store strikkagenserane å finne i dei fleste klesbutikkar, og desse er også lett å få tak i i secondhand. I svært mange bruktbutikkar er det eit eige stativ, eller ein eigen avdeling der ulike typar strikka ganserar heng. Særleg er det mange heimestrikka genserar med ulike mønster og fargar. Desse er stort sett i god kvalitet som varmar godt i kulden!  Sjølv kjøpte eg denne genseren på Fretex til 20 kr. Den var nok så rimeleg pga litt spesielt utseende, og dessutan er den ikkje laga av reint ull. Normalt kostar desse ulike genserane ein del meir, ca pris er vel frå 150-400 kr. Ein fordel med at dei i år gjerne skal vere litt store er at du ikkje nødvendigvis må finne din eigen størrelse for å kjøpe dei. Sjølv synes eg i alle fall det er mykje lettare å få tak i litt store størrelsar.

12.10.2011

Strikk


No merkar eg tydleg at det byrjar å bli kaldare og kaldare ute, så eg har henta fram strikkegenserane mine og liknande klede. Desse plagga er jo alltid å sjå kvar haust og vinter, men det som kanskje merkar seg ut i år er dei store strikkegenserane og vestar i strikk. Genserane kjem eg tilbake til i eit anna innlegg. På bileta har eg ein vest eg kjøpte på Fretex i molde for litt over ein månad sidan. Den kosta 79 kr.  På mine gjevnlege besøk innom ulike bruktbutikkar har eg sett fleire liknande vestar til under 100 kr, så det skal vere ganske lett å få tak i. Desse vestane passar fint inn i den 70 talls inspirerte stilen, ein stil me kjem til å sjå ein del av i haust.


Bileta er tatt heime hjå min familie på Osterøy, der me bl. a har ti høns som går rundt i hagen:)


10.10.2011

Budapest!



Grunnen til at eg ikkje har fått skreve noko på bloggen min den siste veka er fordi eg har vore i Budapest! Eg pleier normal ikkje reise så mykje, men eg, mi mor og mi søster har lenge vore tenkt oss på ein jentetur. Difor bestilte me ein hopp på tur nokre dagar før avreise. Me har storkost oss med både varme, saitsing og shopping.. Me var bl. a på to loppemarknader. Det eine heite Ecseri, og er eit kjent marknad som er opent kvar dag. Her var det alt mogleg som til dømes antikvitetar frå 2. verdskrig, klede, sko og møblar. I nokre av bodene måtte me verkeleg jobbe for å grave fram kleda, men her var dei også billigast. På bileta under kan de sjå noko av det eg kjøpte på Ecseri. Fire av plagga kosta ca 10 kr stk, mens dei andre kosta kanskje rundt 50 kr. Eg kjem nok med betre bilete av dei ulike kleda ved ein seinare anledning.  

Det har forresten vore eit par gode artiklar om vintageshopping i Paris på VGnett. Eg har sjølv aldri vore i Paris, men håpar på å få reise der ein gong i framtida. Her er linken til ein av dei.




01.10.2011

Slangeskinn



Slangeskinn er noko som har kome meir inn i motebiletet i haust. Særleg er det vanleg på sko, vesker, belte og armband, men også på ulike klede. Eg må ærleg innrømme at eg ikkje har vore særleg fan av slangeskinnsmønster tidligare, men sidan eg blir påverka ein del av forandringane i motebilete (både på godt og vondt), merkar eg at eg no likar det betre. Likevel trur eg ikkje dette blir mitt favorittmønster. Difor har eg vore litt på utskikk etter noko rimeleg. I går fann eg to vesker kr 20 og 25, og eit belte kr 10 (som eg brukar som armband), på ein bruktbutikk i Bergen. Så no kan eg sprite opp eit enkelt antrekk med slangeskinn om eg skulle ønskje det;)