Mote på budsjett
02.04.2013
Ny blogg!
No er endeleg min nye blogg på plass! Beklager sterkt all ventinga, og den dårlege informasjonen! De finn den nye bloggen på www.sistersforfashion.com. Håpar de vil følgje med meg vidare på den, og at den kan vere til inspirasjon og glede!
20.01.2013
Mens vi venter...
Verken tida eller blogglysten strekk heilt til for tida, men eg og søstera mi har i alle fall nyleg oppretta ein instagramkonto som skal vere knytta til den nye bloggen.. Her kjem det gjevnleg oppdateringar med dagens antrekk, nye kjøp og litt diverse frå livet ellers.. Veldig kjekt om de ønskjar å følge oss der! Finn oss på @susannoghannah
30.10.2012
26.09.2012
Litt info
Då eg var klar for å laga nye blogginnlegg for nokre veker sidan, fekk eg beskjed av google at eg hadde brukt opp min lagringsplass på bilete. Eg får difor ikkje lasta opp bilete til innlegga med mindre eg betalar for større plass...Eg ønskjer å fortsette med blogging, men er usikker på om eg skal skifte bloggsamfunn. Planen er å enten fortsettje her, eller starte ein ny blogg saman med mi søster ein gong i nærmaste framtid. Om det blir på eit anna bloggsamfunn skal eg sjølvsagt leggje ut link her, slik at de kan følgje med vidare. Mest sannsynleg vil eg vere klar med ein ny, eller fornya, og forhåpentlegvis betre blogg om nokre veker..
01.08.2012
Inspirasjon
No er det berre 10 dagar igjen til terminen! Eg byrjar å bli rimeleg klar til å få vekk den store magen, og sjå vår søte jenta! Gledar meg!
Antrekk: Fekk kjolen av ei som skulle gje den til fretex. Øredobbar og solbriller er nyinnkjøpt frå H&M. Armband er berre eit tøystykke + eit frå accessorize. Sko frå Haaland sko trur eg..
07.07.2012
Gårsdagens
11.06.2012
Mønstrete bukse
I år har det blitt svært vanleg med ulike bukser i utallige fargar og mønster. Sjølv kunne eg tenke meg fleire variantar, men er ikkje så lett med ein stor mage.. Pusjbukser har også komt meir inn i motebiletet. Desse er svært behagelege å gå med og kan brukast til det meste. Eg fann ei på Fretex til rundt 80 kr. Den er av merket Bed & Breakfast.
På bileta går eg forresten med eit skikkeleg favorittsmykke! Eg kjøpte smykket på Bella Donna for halv pris, i konfegave til mi søster, så eg har dessverre berre lånt det av ho..
Mindre blogging..
Hei! Grunnet fulltidsarbeid og min gravide tilstand har det blitt ein del mindre blogging i det siste. Eg beklager dette! Slik blir det nok også ei stund framover, men eg skal ikkje slutte heilt.. Håpar de vil følgje meg vidare, og satsar på at blogginga tar seg meir opp igjen om ei stund.
28.05.2012
Sommar og sol!
Endeleg har me hatt ei veke med varme og nydeleg vær i Bergen! I går tilbrakte eg mestedelen av dagen i bikini ved sjøen! Her er nokre bilete av gårsdagens antrekk før varmen slo til for fullt..
Bluse H&M, 49 kr. Gravidbukse H&M, 299 kr. Sko Kappahl, 250 kr. Øredobbar BikBok, 50 kr (sal). Veske Fretex, 120 kr.
18.05.2012
17- Mai
Gratulerer
med vel overstått nasjonaldag! I går var eg først på jobb før eg blei slått ut
av influensa, men her er i alle fall eit av dei antrekka som eg på førehand
hadde planar om å gå med.. Kunne eigentleg tenkt meg eit antrekk som bestod av
endå meir vårlege fargar, men sidan eg ikkje kan gå med kva som helst for tida,
var dette det beste alternativet. Det er faktisk berre den eine ringen som er
second-hand denne gongen, men resten er likevel rimelege alternativ.
Antrekk: Kjole/tunika frå Vila, 199 kr. Underskjørt
frå H&M, 99 kr. Strømpebukse frå H&M. Sko frå Bianco, 400 kr. Øredobbar
frå Lindex(?). Armband frå Warehouse London, ca 80 kr (sal). Sølvring med
smaragdgrøn stein frå Fretex, 120 kr.
02.05.2012
Konfirmasjon
Forrige søndag var eg i konfirmasjon til mi flotte søster! Eg hadde lenge planar om å gå med ein blondekjole som eg kjøpte i januar, men syntes den blei for søt. Leita difor ei stundt etter noko alternativ, og fann denne kjolen i siste liten på Fretex. Kosta ca 80 kr. Fann også blazeren på nattopent på H&M til 50 kr. Den hadde opprinneleg nokre band som skulle knytast saman, men desse likte eg ikkje, og klippte difor av..
Sjølv om det ikkje var planlagt ser eg i ettertid at dette er eit svært rimeleg festantrekk! Kjole 80 kr, Fretex. Blazer 50 kr, H&M. Veske ca 110 kr, Lindex. Øredobbar ca 15 kr, Fretex. Sko ca 200 kr, Budapest.
27.04.2012
Festfin!
No er nærmar det seg 17-mai, og i tillegg har sesongen for konfirmasjonar byrja. Viss ikkje du ønskjer å gå med bunad, kan ein fin sumarkjole vere eit godt alternativ. Eg for min del er glad i litt fargar på denne tida av året, og synes denne kjolen eg har på bileta er perfekt til konfirmasjonar o.l. Den har ein nydeleg raudfarge, og eit flott snitt! Kjolen fann eg i utkledningskassen heime, og fekk hjelp av mi gode bestemor til å leggje den litt opp, reparere nokre hull, og fjerne nokre flekkar.
Sidan eg er gravid, og ikkje kan gå med denne kjolen i år, visar eg nokre bilete som er frå 2010. Sjølv om eg har brukt denne kjolen dei siste par åra, så får eg fortsatt ein god vårstemning av å ta den fram på nytt, og kunne gjerne ha brukt den i år og hadde fasongen tillatt det.
(Det eine bilete er forresten meg saman med mi flotte tante, som berre er 4 år eldre enn meg..)
20.04.2012
Dagens
Antrekk: Gensar Kappahl. Bukse H&M. Sko Fretex, 29 kr. Orange armband Vero Moda. Gult smykke, brukt som armband, Loppemarknad i Budapest.
14.04.2012
Solbrilletrend
I år skal solbrillene helst merke seg litt ut, og vere godt synlege. Det er mykje å velje mellom både med tanke på farge, mønster og fasong. Solbriller er supre til å sprite opp eit kjedeleg antrekk! Sjølv er eg svært glad i solbriller, og har sett mange ulike par som eg kunne tenke meg. Til dømes har Bella Donna på galleriet i Bergen, mange kule variantar til ca 199 kr stk.
I fjor kom for alvor runde solbriller, og kattebriller inn i motebiletet. Begge desse formane er særleg inspirert av 50-60-talet. Denne trenden fortsett i år, og kanskje er det no først dei fleste tørr å gå med dei?? Sølv likar eg svært godt retroinspirerte briller, så denne trenden passar meg fint..Eg er også svært fornøgd med utvalet av fargar og mønster som er i år!
Solbriller: Kvite Cat Eyes, 35 kr på loppemarknad. Kvite runde, 35 kr på loppemarknad. Sølvfargede, 100 kr på Bella Donna (halv pris). Orange, ca 30 kr på Bik Bok (sal). Dei to sistnemnde har vel kanskje min favorittfasong, ein fasong eg følar eg kler godt. Viss du treng råd til kva solbriller du kler, kan du lese denne artikkelen.
13.04.2012
Nyleg kjøpt
Her er eit par ting eg kjøpte på Fretex i åsane for ikkje så lenge sidan. Jakke 69 kr. T-skjorte med blomstertrykk 49 kr og sko 29 kr. Fekk ikkje tatt særleg gode bilete, men kjem tilbake med betre bilete når eg går med plagga.. Håpar de får ei flott helg!
08.04.2012
Tøysko!
Tøysko er supre vårsko! Dei går ikkje av moten, og kjem i mange ulike fargar og fasongar! I år reknar eg med at det bl. a kjem til å vere mange tøysko i ulike pastellfargar og blomstermønster, men også i sterkare fargar.
Dette blå skoparet kjøpte eg på Fretex for 29 kr. Fine, enkle og gode å gå med, og det verkar som dei er svært lite brukt..
Håpar de har og har hatt ein super påske! Eg har kost meg med familie og venner!
02.04.2012
Gårsdagens
Antrekk: Gensar H&M, 150 kr på sal. Topp Bik Bok, 50 kr på sal. Smykke Cubus, 149 kr. Bukse Warehouse, 599 kr. Sko Bianco, 450 kr. Skinnveske 50 kr frå eit loppemarknad i Kenya
28.03.2012
Nydeleg sølvring!
Abonner på:
Innlegg (Atom)